Tungetaledebatten var eit offentlig ordskifte mellom norske lyrikarar som skreiv i tradisjonelle diktformer med rim og metrisk rytme på den eine sida, og lyrikarar som hadde valt eit modernistisk formspråk, i hovudsak inspirert av T.S Eliot, på den andre.

Debatten falda seg ut på midten av 1950-talet. I ettertid blir han rekna som så viktig at han har blitt del av den etablerte norske litteraturhistoria.

Sjølve debatten

«Tungetale fra parnasset»

Startskotet for debatten var føredraget «Tungetale fra parnasset», som Arnulf Øverland turnerte med i 1953 og publiserte i artikkelform i Arbeiderbladet i 1954. Dette var eit breitt åtak på modernismen. Øverland starta med biletkunsten, særleg Pablo Picasso. Dei ulike retningane innanfor den modernistiske biletkunsten karakteriserte han som rein søking etter merksemd. I forbifarten nemnte han òg, og avviste, den atonale musikken.

Mot slutten kom han til lyrikken. Han konstaterte at det fanst lite modernistisk lyrikk i Noreg, men desto meir i Sverige. Slutten av artikkelen er ei raljering over den på dette tidspunktet yngste generasjonen av poetar i Sverige, dei såkalla «fyrtiotalisterna», med sin T.S. Eliot-inspirerte versjon av modernismen. Denne modernistiske lyrikken omtalte Øverland mellom anna som «tungetale», som «ullent snakk» og som «høistemt abrakadabra».

«Den modernistiske lyriker»

Under overskrifta «Den modernististe lyriker» meldte André Bjerke i VG i november 1954 Erling Christies debutdiktsamling, Drøm om havet. Det var først med denne teksten at ordskiftet kom til å handla om den norske lyrikken. Overskrifta er generaliserande, og den første delen av meldinga handlar om unge norske modernistiske lyrikarar som generelt fenomen, før Bjerke mot slutten kjem til Christie som eksempel på denne.

Bjerke nemner kort at Christie, som «asketisk disippel av Eliot», skriv utan rim. Men det Bjerke set seg særleg imot, er Christies bruk av det han oppfattar som språklege klisjear, og den kaotiske blandinga av motiv frå heilt skilde delar av eksistensen. Som eksempel på dette siste siterer han følgande sekvens:

I dette landskap av forrevne sletter
i dette hjertets purgatorium
steg en dag måkene på vinger spent
mot horisontens tunge vegg
og våre døde marker åpnet seg
for regnets milde kjærtegn.

Den kritikken av modernismen det her blir tatt til orde for, råkar forfattarar som baserer biletspråket på kontrastar. I eksempelet ovanfor er dette kontrasten mellom for det første det framande purgatorium, eit latinsk ord for den religiøse førestillinga om skjærselden, for det andre dei kvardagslege måkene som flyg og regnet som fell, og for det tredje det erotiske møtet når markene "«åpner seg» for «kjærtegn». Bjerkes dom: «Billedbruken er det rene kaos.» Og han held fram: «Hva er så innholdet? Sant å si: det vet jeg ikke.» Dette er på linje med Øverlands avvising av modernistisk lyrikk som uforståeleg «tungetale» og «abrakadabra».

«Da modernismen ble avslørt»

Paal Brekke publiserte eit tilsvar til Bjerkes melding i VG. Her peika han på at T.S. Eliot faktisk nyttar rim, men då slik at han plasserer dei der det får ein effekt at det dukkar opp eit rim. Og han ga ein analyse av det siterte Christie-diktet ovanfor, og forklarte: «En dikter ser, han skaper sammenheng der det prosaiske øye ingen sammenheng ser.»

«Modernismen – tungetale eller kunst?»

Mot slutten av januar 1955 debatterte Arnulf Øverland og Claes Gill modernismen i NRK radio, under overskrifta «Modernismen – tungetale eller kunst?» Her kom Gill med yttarlegare eit forsøk på å forklara den til synes kaotiske biletskapinga i modernistisk lyrikk:

Arnulf Øverland efterlyser logikken idet han sier dette er meningsløst og tungetale. Vi sier at det er logisk nok, men det følger andre veier. Det følger en assosiasjonssprangets logikk. Et billede hos modernistene avføder et nytt billede, ikke gjennom en logisk utledning i rasjonalistisk forstand, men ved at dette billede avføder et nytt som skaper romfornemmelse, som skaper dimensjoner, som gir uttrykk for noe dypere og høyere enn det akkurat forstanden kan være med på å utlede.

Det Gill her gjer, er å karakterisera modernistisk lyrikk som forsøk på å uttrykka det indre, subjektive og kjenslevare mennesket slik det opplever møtet med den ytre verda.

Etterverknad

I 1955 var det ikkje klart om nokon hadde «vunne» eller «tapt» debatten. I ei ettertid der den modernistiske lyrikken har fått bortimot totalt hegemoni, har det blant litteraturvitarar og -historikarar blitt vanleg å oppfatta Øverland og Bjerke som representantar for eit forstokka kunstsyn som var på god veg til å bli utdatert, og den aggressive innstillinga deira til den unge litteraturen som misbruk av den definisjonsmakta dei hadde innanfor det litterære feltet. Eit eksempel kan vere Per Thomas Andersens framstilling i Norsk litteraturhistorie (2001): «Tungetaledebatten handler ikke om modernismens innføring i Norge, men om Øverlands uttog fra den litterære debatt.» Andersen omtalar òg Øverland og Bjerkes utspel som demagogiske.

Tungetaledebatten har gjerne blitt presentert på måtar der ein mister ein del nyansar av syne. I si enklaste form er den nyare, nærmast mytologiske versjonen av fortellinga at dette var ein konflikt mellom tilhengarar av rima lyrikk om politiske spørsmål på eine sida og tilhengarar av modernistisk lyrikk på den andre. Men sjølv om Øverland skreiv dikt av politisk karakter, gjorde til dømes Bjerke ikkje det. Og på den motsette sida var det først og fremst dei T.S. Eliot-inspirerte modernistane, i Noreg Erling Christie og Paal Brekke, som var skyteskive for kritikken av modernismen. Samtidige modernistiske lyrikarar som ikkje på same måte baserte dikta sine på kontrastar i biletspråket, til dømes Rolf Jacobsen og Tarjei Vesaas, stod heilt utanfor denne debatten. Det same gjeld for tidlegare modernistar innanfor norsk lyrikk, som Sigbjørn Obstfelder og Kristofer Uppdal.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg