Perfekt storm er samanfall av fleire uheldige omstende som gjer at ein situasjon blir forverra kraftig. Ein brukar omgrepet mest om økonomiske eller politiske forhold.

Omgrepet er direkte omsett frå engelsk perfect storm. Den opphavlege tydninga er ein særleg kraftig storm, forårsaka av ein sjeldan kombinasjon av fleire meteorologiske forhold.

Det er svært sjeldan at ein faktisk storm blir omtalt som perfekt storm på norsk – omgrepet blir nesten berre brukt i overført tydning om andre forhold eller hendingar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg