Faktaboks

Også kjend som

fula; fulani; pular; pulaar

Språkkodar
ff, ful (FF, FUL)
ISO-639:3
ful

Fulfulde er eit språk i niger-kongo-famiilien og blir snakka av over 16 millionar menneske, særleg i Sahel, savannebeltet som strekkjer seg sør for Sahara frå Atlanterhavet til Raudehavet. Fulfulde er ikkje det einaste språket som blir snakka i områda som er markerte som fulfuldespråklege.

Fulfulde. Omtrentleg utbreiing.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Fulfulde er eit språk i niger-kongo-familien som blir snakka av over 35 millionar menneske, særleg i Sahel, savannebeltet som strekkjer seg sør for Sahara frå Atlanterhavet til Raudehavet. Fulfulde har den største geografiske utbreiinga av alle afrikanske språk sønnanfor Sahara. Berre tre språk i Afrika — arabisk, hausa og joruba — har fleire talarar enn fulfulde.

I Nigeria er det nærmare 17 millionar som snakkar fulfulde som førstespråk, i Guinea nesten 5 millionar, i Senegal nesten 5,5 millionar, i Mali over 1,5 million, i Kamerun 2,5 million og i Niger noko over 2 millionar. I Kamerun finst det i tillegg over 2,5 millionar menneske med fulfulde som andrespråk. Store grupper fulfuldetalande finst òg i Mauritania, Gambia, Guinea-Bissau, Sierra Leone, Burkina Faso, Elfenbeinskysten, Ghana, Togo, Benin, Tsjad, Den sentralafrikanske republikken og Sudan.

Fulfulde er eitt av fleire offisielle språk eller nasjonalspråk i Senegal, Guinea, Mali, Niger og Nigeria. Det er eit viktig handelsspråk (lingua franca) i mellom anna Guinea, Mali, Kamerun og Tsjad. I Kamerun er det fleire andrespråks- enn førstespråkstalarar.

Namn

Språket heiter fulfulde (frå Mali og austover), pulaar (frå Mali og vestover) og pular (i Guinea). Ein person som høyrer til den etniske gruppa, heiter pullo, med fleirtalsforma fulɓe. På andre språk er både språket og folket mellom anna kjende under namn som fulani og peul.

Språket blir òg talt av folk i Mauritania, Senegal, Gambia og Mali som kallar seg haalpulaar'en 'dei som talar pulaar'.

Språkfamilie

Fulfulde tilhøyrer språkfamilien niger-kongo, som har mange greiner. Éi av dei heiter atlantisk, som har tre undergrupper: sørleg, nordleg og bijago. Den nordlege undergruppa har igjen fem greiner, og fulfulde tilhøyrer den senegambiske greina i lag med serer og wolof.

Språkhistorie

For om lag 1000 år sidan blei fulfulde tala i Senegambia og Vest-Mali, men sidan den gongen har fulfuldetalande folk spreidd seg over heile Sahel. Dei har tradisjonelt levd som kvegnomadar, som stadig har vore på leiting etter nye beitemarker.

Islam er den dominerande religionen, og difor finst det fulfuldetalande dei fleste stader på vegen mot Mekka. For mange hundre år sidan tok dei til å skrive språket sitt med det arabiske alfabetet, men sidan slutten av 1800-talet har også det latinske alfabetet blitt teke i bruk, på grunn av europeisk kolonisering og misjon.

Dialekter

Fulfulde varierer ein god del geografisk, og ein kan argumentere for at det finst fleire ulike fulfulde-språk. Nokre fonologiske og morfologiske skilnader er viste i tabellen under, med former frå seks dialektområde frå Senegal til Kamerun, illustrert med infinitivar som tyder 'auke (transitiv)', 'grave' og spørjeordet som tyderb 'kvar'. Formene er henta frå Theil (2008). (Apostrof står for /ʔ/, glottal lukkelyd.)

Fuuta Tooro Fuuta Jaloo Maasina Liptaako-Sokoto Aust- og Midt-Nigeria Aadamaawa Tyding
ɓesdude ɓeydude ɓeydude ɓesdude ɓesduki ɓesdugo 'auke'
'asde 'asude wasude wasde waski wasgo 'grave'
holto honto hoto toye toye toye 'kvar'
  • Verba viser at infinitiv har ulike suffiks: -de i vest og -ki og -go lenger aust. Infinitiv endar på eit genus-suffiks.
  • Verbet med tydinga 'auke' viser at s har blitt til y [j] føre konsonant i nokre sentrale dialekter.
  • Spørjeordet med tydinga 'kvar' inneheld alltid elementet to, men med ulike prefiks eller suffiks.

Litteraturlista inneheld eit oversyn over litteratur om dei ulike dialektene.

Språksystem

Fulfulde er truleg det språket i verda som har flest grammatiske kjønn – eller genus.

Norsk har tre genus – hankjønn (ein hest), hokjønn (ei ku) og inkjekjønn (eit dyr) – mens fulfulde har kring tjue, med litt variasjon mellom dialektene. Når me på norsk må velje mellom pronomena han, ho og det, må ein på fulfulde i til dømes Kamerun velje mellom o, nde, ndi, ndu, nga, nge, ngo, ngu, ngal, ngel, ngol, ngum, ka, ki, ko, kal, kol, ɗam og ɗum. På fulfulde har ikkje naturleg kjønn (sexus) noko å seie for genus-systemet, og pronomenet o blir nytta om menneske av begge kjønn.

På fulfulde skjer bøying og avleiing med suffiks (etterfeste), men i tillegg endrar konsonanten fyrst i ordet seg. Orda debbo ‘kvinne’ og gorko ‘mann’ heiter høvesvis rewɓe og worɓe i fleirtal.

Dette oversynet viser nokre få av bøyingsformene til adjektivet ranee- 'kvit' når det står etter substantiv av ulike genus og tal (adjektivet står etter substantivet i ein nomenfrase):

  • debbo daneejo 'kvit kvinne'
  • rewɓe raneeɓe 'kvite kvinner'
  • yeeraande raneere 'kvitt egg'
  • geeraaɗe daneeje 'kvite egg'
  • puccu ndaneewu 'kvit hest'
  • pucci daneeji 'kvite hestar'

Uttale

Fulfulde har dei korte vokalane i e a o u og dei lange ii ee aa oo uu. I tillegg til velkjende konsonantar har fulfulde også ɓ ɗ, som blir uttala som b d, men med knirkestemme, som i ɓiɗɗo ‘unge, barn’. Konsonanten ƴ blir uttala som ein j [ʤ] med knirkestemme i vestlege dialektar og som y [j] med knirkestemme i austlege dialekter, som i ƴiiƴam 'blod'.

Dei prenasale konsonantane mb nd nj ng [mb nd ndʒ ŋg] er einskildlydar i fulfulde, så sjølv om ord på fulfulde alltid byrjar med berre éin konsonant, kan dei likevel byrje med mb nd nj ng, som i mbeewa ‘geit’ og ngaari ‘okse’. C j y blir uttala [tʃ dʒ j].

Universitetsfag i Noreg

På 1990-talet var fulfulde eit fag ved Universitetet i Oslo, med forkurs, grunnfag og mellomfag. Hovudvekta låg på Aadamaawa-dialekten, som blir tala i Nord-Kamerun og Aust-Nigeria.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sow, Alfâ Ibrâhîm 1971. Dictionnaire élémentaire fulfulde – français – english. (Langues africaines, 4.) Niamey: C. R. D. T. O. [For alle dialekter.]

Aadamaawa

  • Klingenheben, August 1963. Die Sprache der Ful (Dialekt von Adamaua). Grammatik, Texte und Wörterverzeichnis. Hamburg: Verlag J. J. Augustin.
  • Noye, Dominique 1974. Cours de foulfouldé. Maroua: Mission Catholique. Paris: Librairie Orientaliste Paul Geuthner.
  • Noye, Dominique 1989. Dictionnaire foulfouldé–français. Dialecte peul du Diamaré, Nord-Cameroun. Garoua: Procure des Missions. Paris: Librairie Orientaliste Paul Geuthner.
  • Parietti, Giuseppe [u.å.] Dictionnaire français–foulfouldé & index foulfouldé. Dialecte peul de l'Extrême Nord du Cameroun. Guidiguis: Mission Catholique.
  • Pelletier, Corinne A. & Neil Skinner 1981. Adamawa Fulfulde. An introductory course. Madison: African Studies Program, University of Wisconsin.
  • Theil, Rolf 2008. Fulfulde. Grammatikk over dialekten i 'Aadamaawa. Oslo: Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo.

Aust- og Midt-Nigeria

  • Arnott, D. W. 1970. The nominal and verbal systems of Fula. Oxford: The Clarendon Press.
  • McIntosh, Mary 1984- Fulfulde syntax and verbal morphology. Boston, Melbourne, Henley: Routledge and Kegan Paul. In association with University of Port Harcourt Press.

Liptaako-Sokoto

  • Westermann, Diedrich 1909. Handbuch der Ful-Sprache. Berlin: Dietrich Reimer (Ernst Vohsen).

Maasina

  • Fagerberg-Diallo, Sonja 1984. A practical guide and reference grammar to the Fulfulde of Maasina. Part 1–2. JCMWA.
  • Gajdos, Martina 2004. Fulfulde. Lehrbuch einer westafrikanischen Sprache. Wien: Edition Praesens. Verlag für Literatur- und Sprachwissneschaft.
  • Osborne, Donald W., David J. Dwyer, Joseph I. Donohue, Jr. 1993. A Fulfulde (Maasina) – English – French lexicon. A root-based compilation drawn from extant sources followed by English – Fulfulde and French – Fulfulde listings. Lexique fulfulde (Maasina) – anglais – français. Une compilation basée sur racines et tirée de sources existantes suivie de listes en anglais – fulfulde et français – fulfulde. East Lansing: Michigan State University Press.

Fuuta Jaloo

  • Arensdorff, L. 1966. Manuel pratique de langue peulh. Paris: Librairie Orientaliste Paul Geuthner.
  • Leroy, Anne & Alpha Oumar Kona Balde 2002. Parlons poular. Peul du Fouta Djalon. Paris: L'Harmattan.

Fuuta Tooro

  • Fofana, Amadou Tidiane & Antonia Folárìn Schleicher 2002. Pulaar learners' reference grammar. Madison: National African Language Resource Center, University of Wisconsin-Madison.
  • Mohammadou, Aliou 2015. Dictionnaire des mots grammaticaux et des dérivatifs du peul. Parlers du Fuuta-Tooro. Paris: Éditions Karthala.
  • Niang, Mamadou 1997. Pulaar-English English-Pulaar standard dictionary. New York: Hippocrene Books.
  • Swift, Lloyd B., Kalilu Tambadu, Paul G. Imhoff 1965. Fula basic course. Washington, D.C.: Foreign Service Institute.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg