Bispedømmeråd er eit råd i kvart bispedømme i Den norske kyrkja og det regionale forvaltningsorganet i kyrkja.

Bispedømmerådet skal ha merksemda si retta mot alt som kan gjerast for å vekkje og nære det kristne livet i kyrkjelydane, og det skal fremje samarbeid mellom sokneråda og andre lokale arbeidsgrupper i bispedømmet, nominere kandidatar i samband med bispetilsetjing og elles utføre dei gjøremåla som det til ein kvar tid er pålagt av Kyrkjemøtet eller Kyrkjerådet. Bispedømmerådet utfører dei oppgåvene som det etter avtale blir overlate av det einskilde soknerådet eller kyrkjelege fellesrådet.

Bispedømmeråda omfattar biskopen, ein prest valt av prestane i bispedømmet, ein lek kyrkjeleg tilsett i bispedømmet og sju andre leke frå bispedømmet. Dei tre nordlegaste bispedømmeråda har i tillegg kvar sin samiske representant, ein nord-samisk representant i Nord-Hålogaland bispedømmeråd, ein lule-samisk representant i Sør-Hålogaland bispedømmeråd og ein sør-samisk representant i Nidaros bispedømmeråd. Oslo bispedømmeråd har i tillegg ein representant frå døvekyrkjelydane i Noreg.

Medlemmane av bispedømmeråda kjem årleg saman til Kyrkjemøtet. Bispedømmerådet skal i følgje kyrkjelova ha ein dagleg leiar (stiftsdirektør) av verksemda.

Bispedømmerådet blei oppretta ved lov av 16. juni 1933 og dei gjeldande føresegnene er fastsett i Kirkeordning for Den norske kirke vedteken av Kyrkjemøtet 30. mars 2019 med heimel i Lov om tros- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven) av 24. april 2020.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne nettsider

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg