Faktaboks

Etymologi

Namn etter den større landsdelen Vestlandet

Administrasjonssenter
Leikanger (fylkesmannen) og Bergen (fylkeskommunens administrasjon)
Innbyggjartal
660 000 (2026)
Landareal
31 969 km²
Høgaste fjell
Store Skagastølstind, (Storen), 2406 moh.
Målform
nynorsk
Fylkesvåpenet vart godkjent i 2019 og viser to fjell i ein fjord, symbol for naturen og dei to tidlegare fylka.
Kart over kommunar i Vestland fylke.
Kommunar i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Vestland er eit fylke som vart oppretta 1. januar 2020 ved samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane fylke, sistnemnde med unntak av Hornindal, som frå same tidspunkt vart ein del av Volda kommune i Møre og Romsdal. Samanslåinga var del av ei landsomfattande regionreform.

Vestland omfattar norskekysten på midtre del av Vestlandet frå munningen av Bømlafjorden i sør til Stadlandet i nord og fjord-, dal- og fjellstrøka innanfor. Det omfattar frå 2020 i alt 43 kommunar. 25 kommunar var tidlegare i Hordaland, og 18 kommunar var i Sogn og Fjordane. Desse kommunane utgjer i alt sju regionar. Fire av regionane er frå tidlegare Hordaland fylke:

Likeins er det tre regionar frå tidlegare Sogn og Fjordane fylke:

Tre av desse sju områda strekkjer seg austover til vasskilet mot Austlandet: Nordfjord, Sogn og Hardanger og Voss.

Vestland grensar til Rogaland i sør, Telemark, Buskerud og Innlandet i aust og Møre og Romsdal i nord.

Natur

Vestland har ein variert og dramatisk natur. Kysten er stykka opp med talrike øyar og ei rekkje fjordar som skjer seg inn i landet. Der fjordane endar, fører dalføre vidare austover til store høgfjellsområde på vasskilet mot Austlandet. Fleire av fjordane har armar mot sør og nord, og mange av desse held også fram i dalføre innanfor. Elvane har ofte bratte, korte laup og mange med høge fossar. På fjellviddene har elvane ofte slakt fall og dannar ofte meandrar, og nærare kysten har dei nokre stader korte, slake løp med grunne fjordsjøar.

Berggrunn

Berggrunnen i Vestland høyrer hovudsakleg til den kaledonske fjellkjeda (sjå kaledonske orogenese), som går frå sørvest til nordaust gjennom fylket. Både søraust for denne og framfor alt i nordvest består berggrunnen hovudsakleg av grunnfjell, sterkt påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (sjå Gneisregionen). Devonske bergartar finst fleire stader i ytre delar av Fjordane og nord for Sognesjøen, sjå devonfelta på Vestlandet. I ei spesiell stilling står det såkalla Bergensfeltet (Bergensbogane) der konsentriske bogar av kambrosiluriske bergartar rundt Bergen opnar seg mot vest. Bergensbogane strekkjer seg frå Fensfjorden i nord til Selbjørnsfjorden i sør.

Fjell

Breheimen er mykje brukt både sommar og vinter. Her er skiløparar i ferd med å krysse fjellpartiet mot Fortundalsbreen.

Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Hurrungane utgjer det vestlegaste og villaste tindeområdet i Jotunheimen, og her finn ein Vestlands høgaste og mektigaste fjellområde med fire av dei ti høgaste fjella i landet. Høgast er Store Skagastølstind (2406 moh.) og Store Styggedalstind (2387 moh.), høvesvis tredje og fjerde høgaste fjell i landet. Det niande og tiande høgaste er Gjertvasstind (2351 moh.) og Sentraltind (2348 moh.).

Høgast i Breheimen nordvest for Jotunheimen er Hestbreapiggan med høgaste topp 2172 meter over havet. Høgastliggande fjellområde elles i fylket er grunnfjellsområda i søraust (Folgefonna, 1662 moh.) og områda i søraust med overskyvde bergartar av grunnfjellsalder, nokre stader sterkt omdanna i kaledonsk tid, som i Hårteigen (1690 moh.), Hardangerjøkulen (1861 moh. på breen) og Hallingskarvet (høgaste punkt i Vestland er 1816 moh.).

Enkelte høge toppar finst òg i devonfelta i nordvest (Gjegnalundsbreen sør for Nordfjorden, 1467 moh., og Blægja, sør for Førdefjorden, 1307 moh.).

Fjordar

Sognefjorden er Noregs lengste og djupaste fjord. Totalt måler han ca. 226 kilometer frå inst ved Lusterfjorden og til det ytste, der han treffer Nordsjøen. Han er på det djupaste 1303 meter, det djupaste punktet i ein fjord i Noreg.

Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Medan Hardangerfjordens løp (180 kilometer) hovudsakleg fylgjer strøkretninga i den kaledonske fjellkjeda frå sørvest til nordaust, går fjordane i nord hovudsakleg frå vest til aust. Dette gjeld mellom anna Sognefjorden, Noregs lengste og ein av dei lengste fjordane i verda, 226 kilometer lang (frå Ytre Sula til Skjolden). Den er òg Noregs klart djupaste fjord med eit største djup på 1303 meter, utanfor munningen av Vadheimsfjorden.

Som Sognefjorden går òg dei største fjordane i Sunnfjord og Nordfjord frå vest mot aust. I indre del av Sognefjorden fylgjer likevel fleire av sidearmane strøkretninga frå sørvest til nordaust. Den lengste fjorden i Sunnfjord er Førdefjorden, som er 36 kilometer lang. Dalsfjorden og fjordane innanfor Florø er òg del av regionen Sunnfjord. Nordfjorden, lengst nord i fylket, er 106 kilometer.

Nasjonalparkar

Vestland har ei rekkje nasjonalparkar og landskapsvernområde heilt eller delvis innanfor grensene sine, mellom anna:

Sistnemnde er saman med Geiranger innskriven på UNESCOs verdsarvliste over dei fremste kulturminna og naturområda i verda.

Isbrear

Kongsnuten ved Bukkeskinnshjellane, som er ein del av Hardangerjøkulen. Hardangerjøkulen er den sjette største isbreen i Noreg og ligg på Hardangervidda, i kommunane Eidsfjord og Ulvik. Høgaste topp strekk seg opp til 1 863 meter over havet.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Vestland har seks av dei ti største breane i Hovudlandet. Størst er Jostedalsbreen, den største breen i landet, Søndre Folgefonna og Hardangerjøkulen. Dessutan ligg Myklebustbreen, nordre Folgefonna og Harbardsbreen i fylket.

Fossar

I fylket finst fleire av dei høgaste og mest kjende fossane i landet. Blant desse er Tyssestrengene og Ringedalsfossen i Odda og Skykkjedalsfossen i Eidfjord, alle med rundt 300 meter loddrett fall. Tyssestrengene og Ringedalsfossen er lagt i rør og har vannføring bare når det er ekstra mye nedbør. Av kjende fossar elles er Vøringsfossen i Eidfjord, Låtefoss i Odda, Langfossen i Etne og Vettisfossen i Årdal.

Skred og flaum

Mange stader i fylket er skred- og flaumutsett, men omfanget av slike naturskadar varierer frå år til år. Flest skred har gått i indre delar av fylket, særleg rundt indre delar av Sognefjorden og Hardangerfjorden, ved armane til desse fjordane og ved Åkrafjorden. Somme stader kan skred frå isbrear eller flaum forårsaka av uttapping av bredemte sjøar gje store skadar (sjå mellom anna Demmevatnet).

Klima

Dei dominerande luftstraumane kjem frå vest og sørvest – dei fleste er vandrande lågtrykk og nedbørsområde. Dette gjev eit temperert og nedbørsrikt kystklima. Høge fjell skjermar indre strøk mot innverknad frå havet, medan fjordar med temperert vatn dempar vinterkulda, sjølv i strøk langt frå kysten. Indre fjordarmar som får elvar frå breområde kan ha svært låge vasstemperaturar om sommaren. I høgfjellet dominerer vestavinden både sommar og vinter, medan vindforholda i lågare område er meir prega av terrenget og av årlege variasjonar i temperaturskilnaden mellom land og hav. Såleis blåser det ved kysten solgangsbris om ettermiddagen i godvêr.

Vestland er eit av dei mest nedbørsrike fylka i landet, med årsnedbør omkring 1500 millimeter ved kysten og over 3000 millimeter i ei maksimalsone 30–50 kilometer frå kysten. Det kuperte terrenget gjer at fordelinga av nedbøren blir svært ujamn, og skjerma fjordstrøk som delar av Lærdal og Luster har til dels under 500 millimeter. Generelt har den austlege delen av fylket rundt 1000 millimeter nedbør. Det fell mest nedbør i oktober, minst i mai. Lokale sommarbyer er vanleg i indre strøk, men det meste av nedbøren kjem med frontar og byeluft frå vest. Kysten lengst nord, særleg ved Stad, har relativt hyppig kuling og storm.

Gjennomsnittleg temperatur for januar og februar er cirka 2 °C ved kysten, i indre fjordstrøk og i dalstrøka ligg dei frå rundt 0 °C til −5 °C og i høgfjellet i aust ned i cirka −10 °C. Snittemperaturane for juli er 14–16 °C, som søkk med høgda til rundt 10 °C ved 1000 meter over havet. Høgaste målte maksimum i låglandet er rundt 32 °C, lågaste målte er −35 °C.

Befolkning

Bergensområdet er det klare tyngdepunktet i busetjinga i Vestland med rundt 60 prosent av folketalet i fylket.
Bergen sett frå Fløyen

Vestland fylke har etter dagens grenser hatt ein stort sett minkande del av befolkninga i landet i meir enn 200 år, men sidan 1950-talet har nedgangen vore relativt liten. I dag har fylket så vidt under 12 prosent av befolkninga i landet mot knapt 15 prosent fyrst på 1800-talet.

Midhordland med Bergensområdet er det klåre tyngdepunktet i busetjinga i Vestland med rundt 60 prosent av befolkninga i fylket (2026) og har i fleire tiår auka andelen, medan dei andre regionane har hatt tilbakegang. Sunnhordland hadde i 2026 rundt ti prosent av befolkninga, medan dei andre fem har andelar frå rundt tre og ein halv (Nordfjord) til åtte prosent (Sunnfjord).

Sandøyna i Bulandet i Askvoll er Noregs vestlegaste busette øy. Florø er Noregs vestlegaste tettstad.

I tiårsperioden 2009–2019 hadde 30 av dei 43 kommunane i fylket vekst i folketalet. I dåverande Hordaland var veksten størst i Bergen og omlandskommunane, i kystkommunane i ytre del av Sunnhordland og i Alver/Austrheim i Nordhordland, medan han i dåverande Sogn og Fjordane var størst i sentrale kommunar som Sunnfjord og Sogndal. I same periode var det nedgang i folketalet i Hardanger, i enkeltkommunar i Nordhordland som Fedje og Vaksdal, i kommunane på nordsida av Sognefjordens ytre del (Solund, Hyllestad og Høyanger) og på sørsida av fjordens indre del (Vik, Lærdal og Årdal).

Bergen gjev store vekstimpulsar til omlandet sitt. Dette viser befolkningsutviklinga i Midhordland tydeleg. Elles har petroleumsverksemda hatt mykje å seie for utviklinga i industri og service både her og langs kysten elles. På same måte har fiske/fiskeoppdrett og tilhøyrande verksemder hatt mykje å seie for befolkningsutviklinga i delar av Sunnhordland, i fyrste rekkje Austevoll. Haugesundsområdet har også gjeve vekstimpulsar til den sørlege delen av Sunnhordland, særleg Sveio.

Kommunar

Det er 43 kommuner i Vestland. Bergen kommune har høyest folketall (45 % av innbyggerne i fylket), Ullensvang har størst landareal (9 % av arealet i fylket).

Nr. Kommune Folketall Landareal Administrasjonssenter
4601 Bergen 291 940 445 km² Bergen
4602 Kinn 17 349 763 km² Måløy og Florø
4611 Etne 4 072 691 km² Etnesjøen
4612 Sveio 5 742 224 km² Sveio
4613 Bømlo 12 268 235 km² Svortland
4614 Stord 19 287 137 km² Leirvik
4615 Fitjar 3 203 135 km² Fitjar
4616 Tysnes 2 922 245 km² Uggdal
4617 Kvinnherad 13 089 1 042 km² Rosendal
4618 Ullensvang 11 017 2 963 km² Odda
4619 Eidfjord 968 1 389 km² Eidfjord
4620 Ulvik 1 089 663 km² Ulvik
4621 Voss 16 471 1 958 km² Vossavangen
4622 Kvam 8 496 580 km² Norheimsund
4623 Samnanger 2 502 257 km² Tysse
4624 Bjørnafjorden 26 080 487 km² Osøyro
4625 Austevoll 5 300 114 km² Storebø
4626 Øygarden 39 768 300 km² Straume
4627 Askøy 30 145 94 km² Kleppestø
4628 Vaksdal 3 852 682 km² Dale
4629 Modalen 384 379 km² Mo
4630 Osterøy 8 200 244 km² Lonevåg
4631 Alver 29 986 651 km² Knarvik
4632 Austrheim 2 881 57 km² Årås
4633 Fedje 519 9 km² Fedje
4634 Masfjorden 1 694 509 km² Masfjordnes (Sandnes)
4635 Gulen 2 234 577 km² Eivindvik
4636 Solund 750 219 km² Hardbakke
4637 Hyllestad 1 268 248 km² Hyllestad
4638 Høyanger 3 879 928 km² Høyanger
4639 Vik 2 551 795 km² Vikøyri
4640 Sogndal 12 319 1 229 km² Sogndalsfjøra
4641 Aurland 1 800 1 376 km² Aurlandsvangen
4642 Lærdal 2 160 1 275 km² Lærdalsøyri
4643 Årdal 5 239 930 km² Årdalstangen
4644 Luster 5 371 2 597 km² Gaupne
4645 Askvoll 2 986 313 km² Askvoll
4646 Fjaler 2 869 390 km² Dale i Sunnfjord
4647 Sunnfjord 22 450 2 065 km² Førde
4648 Bremanger 3 392 786 km² Svelgen
4649 Stad 9 610 695 km² Nordfjordeid
4650 Gloppen 5 926 963 km² Sandane
4651 Stryn 7 271 1 326 km² Stryn

Tettstader

Etter SSBs definisjon er 159 tettsteder i Vestland. 82 prosent av innbyggerne i fylket bor i et av disse tettstedene.

Dei ti største tettstedene (2025) er:

Tettsted Innbyggere Andel* Kommune
Bergen  273 626 42 % Bergen
Askøy  24 660 4 % Askøy
Osøyro  15 120 2 % Bjørnafjorden
Leirvik  14 767 2 % Stord
Knarrvika/Straume  12 971 2 % Øygarden
Førde  10 922 2 % Sunnfjord
Arna  10 055 2 % Bergen
Florø  9 102 1 % Kinn
Vossavangen  7 165 1 % Voss
Knarvik  6 594 1 % Alver

* Andelen av innbyggerne i Vestland fylke som bor i tettstedet.

Næringsliv

Fiske er viktig i Vestland, og Måløy er ei viktig fiskehamn med mykje industri knytt til fiskeri i tillegg til fleire fiskeeksportfirma.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

Vestland har ein noko høgare del av sysselsetjinga i primærnæringane enn dei andre fylka i landet sør for Trøndelag. Også for dei tre næringane bergverk og industri (inkludert byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassproduksjon/renovasjon), transport/lagring og offentleg administrasjon har Vestland ein høgare andel enn dei nemnde fylka. Vestland har derimot ein lågare del av den samla sysselsetjinga i tre andre næringar: varehandel med reparasjon av motorkøyretøy, forretningsmessig tenesteyting og personleg tenesteyting.

Primærnæringane

Primærnæringane har tradisjonelt betydd mykje i Vestland. Dette gjeld både fisket på kysten, dels i kombinasjon med gardsdrift, og landbruket i fylket elles. Skogen betyr derimot relativt lite i Vestland med ei avverking som berre utgjer rundt fire prosent av den samla avverkinga i landet.

Landbruket blir i stor grad prega av små bruk; gjennomsnittleg jordbruksareal per bruk er 141 dekar i Vestland mot 249 dekar i landet samla sett (2018). I store delar av fylket er jordbruket dominert av eit stort husdyrhald, særleg storfe og sau, stadvis òg geit, og er basert på at ein stor del av jordbruksarealet blir brukt til eng til slått og beite. I Hardanger og Sogn, dels òg i Nordfjord, blir jordbruket òg prega av eit intensivt hagebruk med hovudvekt på frukt- og bærdyrking.

Fiske har mykje å seie i Vestland, og fangsten til fiskarane i fylket er over 20 prosent av verdien til fisket i heile landet. Austevoll er den leiande fiskerikommunen i Vestland, og fiskarane heimehøyrande her står for nesten halvparten av det samla fisket i fylket etter verdi. Andre fiskeriområde er Bømlo, Bergensområdet og kysten frå munningen til Sognefjordens til Stad.

Dei seinare åra har akvakulturen hatt stor vekst, og i 2018 vart det ved oppdrettsanlegga i Vestland selt fangstar til ein fyrstehandsverdi av 14,7 milliardar kroner, over tre gonger så mykje som verdien frå fisket i fylket. Det aller meste av oppdrettet er laks og regnbogeaure. For regnbogeaure speler anlegga i fylket ei dominerande rolle i landsmålestokk.

Industri

Vestland har 14 prosent av sysselsetjinga i landet i industri og bergverk (2018), og fylket er blant dei viktigaste industrifylka i landet målt etter sysselsetjing. Vestlands industri har ei klår hovudvekt på verkstadsindustri med 52 prosent av den samla sysselsetjinga i industrien (2017), der 25 prosent er maskinindustri, 14 prosent bygging av skip og boreplattformer og ti prosent metallvareindustri.

Andre viktige industribransjar er næringsmiddelindustri og primær jern- og metallindustri med høvesvis 19 og 7 prosent av sysselsetjinga. Næringsmiddelindustrien består vesentleg av bedrifter i fiskeindustrien langs kysten, likeins av foredling av jordbruksprodukt ved mellom anna meieri, slakteri og foredling av frukt- og bær fleire stader i fylket, mellom anna i Bergen, Gloppen, Stryn og Sogndal. Jern- og metallindustrien blir prega av dei tradisjonsrike hjørnesteinsbedriftene i Odda, Tyssedal, Husnes, Ålvik, Årdal, Vik, Høyanger og Svelgen.

Vestland har to industribransjar, oljeraffinering/kjemisk/farmasøytisk industri og gummi-/plast-/mineralsk industri, som begge har fem prosent av sysselsetjinga i industrien (2017). Sysselsetjinga i den tradisjonsrike tekstil- og klesindustrien utgjorde i 2017 framleis tre prosent av industrisysselsetjinga i Vestland.

Bergen har om lag ein firedel av dei industrisysselsette i fylket; om ein inkluderer omlandskommunane (Midhordland) er det rundt to femdelar. Denne andelen er på retur. Sunnhordland har rundt ein femdel av industrisysselsetjinga i fylket, medan Sogn, Nordhordland og Hardanger/Voss har rundt ein tidel kvar.

Vestland har etter Rogaland den største sysselsetjinga i petroleumsnæringa i landet. Vestlands del av desse arbeidsplassane utgjer omkring 25 prosent av sysselsetjinga på landsbasis. Denne verksemda betyr mest sør i Sunnhordland og nord i Nordhordland med Øygarden.

Energi

Vestland er det mest kraftrike fylket i landet, både når det gjeld utbygd vasskraft og potensialet for ny vasskraftproduksjon. Per 2019 var det i alt utbygd vasskraft med ein samla gjennomsnittleg årsproduksjon på 33 831 GWh, 25 prosent av den gjennomsnittlege årsproduksjonen i landet, medan fylkets del av utbyggingspotensialet (ved årsskiftet 2014/2015) utgjorde 8595 GWh eller 34 prosent av det samla utbyggingspotensialet i landet.

Vestland har ein relativt liten vindkraftproduksjon. I 2017 vart det produsert 393 GWh eller omtrent 14 prosent av den samla produksjonen i landet.

Tenesteytande næringar

Dei tenesteytande næringane utgjer rundt tre firedelar av arbeidsplassane i Vestland. Denne andelen varierer geografisk. Medan dei utgjer over 80 prosent av arbeidsplassane i Bergen, utgjer dei i resten av fylket under 70 prosent.

Geografiske skilnader i næringsstrukturen kjem hovudsakleg av dei ulike krava dei tenesteytande næringane har til lokaliseringa si. I Stad, Osterøy, Austrheim, Øygarden, Bjørnafjorden og Austevoll er det ei stor fiskeforedling, og Kinn og Vaksdal har stor fôrproduksjon. Bergen, Askøy og Øygarden har store utstyrsleverandørar.

Dei maritime næringane, som både består av industri og tenesteytande næringar, er i stor grad støttetenester, spesielt for petroleumsnæringa. I Askvoll, Sogndal, Fedje og Øygarden har fleire reiarlag etablert seg, og viktige skipsverft finn ein i Gloppen, Hyllestad, Austrheim, Kvam og Stord. Tenesteleverandørar til dei maritime næringane finn vi i Kinn, Stryn, Gulen, Øygarden, Austevoll og Odda, medan Kinn, Sunnfjord, Bergen, Alver, Kvinnherad og Bømlo har viktige leverandørar av utstyr til denne næringa.

Turisme

Vestland er eit stort turistfylke med svært varierte turistmål som by, skjergard, fjordlandskap, høgfjell og brear. Turistsesongen er mange stader i fylket kortvarig, noko som gjev ei relativt låg kapasitetsutnytting i overnattingsbedriftene samla.

Vestland har nesten 4,9 millionar gjestedøgn ved hotell og liknande overnattingsbedrifter (ekskludert turisthytter og privat innkvartering), 14,3 prosent av gjestedøgna i heile landet (2018). Av gjestedøgna utgjer utlendingar 21 prosent.

Voss er det viktigaste turistmålet etter Bergen; særleg vinterturismen her har noko å seie. Andre stader med stor turisttrafikk er Hardanger, Sogn og Nordfjord. Mange av fjellområda i fylket har eit godt utbygd fotrutenett, særleg gjeld dette Hardangervidda, i Jotunheimen og det mellomliggjande fjellområdet Skarvheimen. Det er òg eit godt utbygd fotrutenett i Breheimen, i atskilleg grad òg i dei meir isolerte fjelltraktene lenger vest. Det er sommarskisenter på Strynefjellet.

Cruisetrafikken i fylket har hatt stor vekst, både langs kysten, i Hardangerfjorden og ikkje minst i Sognefjorden, særleg i fjordarmane Aurlandsfjorden/Nærøyfjorden og Lustrafjorden. Også Nordfjord har atskilleg cruisetrafikk. Oppføringa av Nærøyfjorden på UNESCOs liste over naturarven i verda i 2005 har fått mykje å seie for utviklinga av turisttrafikken i Sogn, likeins satsinga på heilårsturisme i dette området.

Samferdsel

Samferdsel i fylket har tradisjonelt vore prega av eit svært avgrensa vegnett og mange sjøveges samband, både i fjordane og til øyane på kysten. Bergen er «byen» for store delar av fylket, og sambanda dit, som gjekk med båt, var av sentral betydning. Etter kvart som vegnettet er blitt utbygd, har båttrafikken gått tilbake, men framleis speler bilferjer og hurtigbåtar ei viktig rolle for kommunikasjonen i fylket.

Veg- og jernbanenettet i fylket er på grunn av topografien stadvis svært rasutsett. I dei seinare tiåra har trafikkårane blitt sikrare, både ved bygging av nye vegtrasear og ved rassikringar, mellom anna tunellar og rasvollar. Dette har gjeve ein sterk reduksjon i så vel talet på som lengda på bilferjesambanda. Vegane over fjellet til Austlandet har òg blitt vesentleg betre.

Det går fem heilårs vegsamband frå Austlandet til Sogn. E16 over Valdres, Filefjell, Aurland og Voss går via Lærdalstunnelen, den lengste biltunellen i verda (24,5 kilometer). Den gjev eit ferjefritt og vintersikkert samband over fjellet. Mest trafikk over fjellet har likevel riksveg 52 over Hemsedal til Lærdal der han møter E16. To litt mindre brukte fjellovergangar er fylkesveg 53 Tyin–Årdal og fylkesveg 50 Hol–Aurland, som begge fører til E16 i høvesvis Lærdal og Aurland. Den vinterstengde fylkesvegen 55 Lom–Sogndal–Hella går over Sognefjellet. Denne er ein del av prosjektet Nasjonale turistvegar.

Riksveg 15 Otta–Stryn over Strynefjellet er einaste heilårsvegen frå Austlandet til Nordfjord. Denne går vidare vestover langs Nordfjord til Måløy og er i så måte eit viktig internt samband aust–vest i fylket. Fylkesveg 258, Gamle Strynefjellsveg mellom Skjåk og Stryn, er vinterstengd, men og ein nasjonal turistveg. Riksveg 5, som frå Lærdal via bilferja Fodnes–Mannsheller går til Sogndal, Førde og Florø er òg viktig for aust–vest-sambandet i Vestland fylke.

Frå Austlandet går det to hovudsamband til Hardanger/Voss. Viktigast er E134 over Haukelifjell til Haugesund. Den andre er riksveg 7 over nordre del av Hardangervidda til Eidfjord og via Hardangerbrua vidare til Bergen. Både E134 mellom Røldal og Haugesund, riksveg 7 Granvin–Norheimsund–Bergen og E16 Aurland–Voss–Bergen er viktige lokale vegar aust-vest i fylket.

Vestland har fleire viktige samband nord–sør som bind regionane i fylket saman og samstundes knyter fylket til nabofylka i nord og sør. Viktigast av desse er E39 Aalborg–Klett ved Trondheim som går gjennom dei fleste byane mellom Kristiansand og Trondheim. E39 har tre fjordkryssingar i Vestland: Sandvikvåg–Haljem over Bjørnafjorden, Oppedal–Lavik over Sognefjorden og Anda–Lote over Nordfjorden. Lenger inne i landet går riksveg 13 Sandnes–Odda–Voss–Balestrand–Moskog ved Førde. Begge dei to vegane har strekningar som har status som Nasjonal turistveg.

Det meste av kyststrekninga i Vestland er dekt av hurtigbåtruter som frå Bergen går både nordover til Selje, inn Sognefjorden til Sogndal og Flåm, og sørover til Sunnhordland og Haugesund/Stavanger. Frå Flåm fører Flåmsbana opp til Bergensbanen på Myrdal. Hurtigruta Bergen–Kirkenes anløper Florø og Måløy.

Det er ei rekkje regionale ekspressbussamband frå tettstadene i Vestland både over til Austlandet og nordover og sørover på Vestlandet.

Flyplassar

Administrasjon

Fylkesmannen i Vestland har sete i Leikanger. Fylkeskommuneadministrasjonen ligg i Bergen. Andre statlege administrasjonar i Vestland er:

  • Statens vegvesen, Region vest, omfattande Rogaland og Vestland (Leikanger)
  • Vest politidistrikt, omfattande Vestland unnateke kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio i Sunnhordland (Bergen). Desse høyrer til Sør-Vest politidistrikt, som har hovudsete i Stavanger.
  • Nav Vestland (Bergen)
  • Norsk internasjonalt skipsregister (NIS)
  • Regionalt helseføretak Helse Vest omfattande Rogaland og Vestland (Bergen)

Vestland høyrer til Gulating lagdøme, som har tre tingrettar i Vestland:

I Den norske kyrkja svarer Vestland til Bjørgvin bispedøme, med bispesete i Bergen. Det består av 11 prosti med i alt 176 sokn. Prostia er:

  • Bergen domprosti
  • Bergensdalen
  • Åsane
  • Fana
  • Hardanger og Voss
  • Nordhordland
  • Sunnhordland
  • Vesthordland
  • Sogn
  • Nordfjord
  • Sunnfjord

Helse Vest driv åtte somatiske sjukehus i Vestland: Haukeland universitetssjukehus i Bergen, Førde sentralsjukehus, lokalsjukehusa i Odda og Lærdal, på Stord, Voss og Nordfjordeid, eit medisinsk senter i Florø og Kysthospitalet i Hagavik, eit spesialsjukehus for ortopedi. Elles har Helse Vest driftsavtale med Haraldsplass diakonale sykehus og Betanien sykehus, begge i Bergen. Helse Vest driv Valen psykiatriske sjukehus og fleire distriktspsykiatriske sentrum/psykiatriske klinikkavdelingar og tilbod innan rusmedisin.

Skule, utdanning og forsking

Vestland fylke driv 42 vidaregåande skular, enkelte med filialar, og dessutan Fagskulen Vestland. Av skulane ligg 14 i Bergen. Det er også fleire folkehøgskular i fylket.

Bergen har universitet og ei rekkje høgskular, mellom anna Norges Handelshøyskole. Her ligg vidare Høgskulen på Vestlandet, ein av dei største statlege høgskulane. Han har fem studiestader: Bergen, Sogndal, Stord og Førde og dessutan Haugesund i Rogaland. Bergen har òg eit par private høgskuletilbod: NLA Høgskolen med ei rekkje studietilbod og dessutan ei avdeling av Handelshøyskolen BI.

På Njøs i Leikanger ligg Njøs frukt- og bærsenter, nasjonalt foredlingssenter for norske frukt- og bærsortar, og i Sogndal forskingsinstituttet Vestlandsforsking. Havforskningsinstituttet og NORCE ligg i Bergen.

Kultur og historie

Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) ligg i Førde, og Det Vestnorske Teateret (tidlegare Hordaland Teater) ligg i Bergen. Den Nationale Scene er også i Bergen, og byen har fast symfoniorkester, Bergen Filharmoniske Orkester, som er det eldste symfoniorkesteret i landet.

Fylket har fleire årlege internasjonale festspel og musikkfestivalar. Den eldste og mest kjende er Festspillene i Bergen i mai. Elles blir arrangert årleg ein internasjonal jazzfestival på Voss, likeins Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Skandinavias største internasjonale festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk. Operaselskapet på Nordfjordeid, Opera Nordfjord, har jamlege konsertar og operaoppsetningar.

Bergens Tidende er fylkets og Vestlandets største avis. Dei andre dagsavisene i fylket er Bergensavisen BA og Dagen. Begge kjem ut i Bergen. Elles kjem det ut rundt 40 små og store lokalaviser 2–5 gonger kvar veke. NRK Vestland er NRKs distriktskontor for Vestland fylke med hovudkontor i Bergen og Førde. TV 2 har hovudkontor i Bergen.

Kulturhistoriske attraksjonar

Av kulturhistoriske attraksjonar i Vestland må nemnast dei mange mellomalderkyrkjene, både steinkyrkjer og stavkyrkjer. Steinkyrkjer finst i Bergen og ei rekkje andre stader i fylket. Dei fleste bevarte stavkyrkjene i fylket ligg i Sogn, mellom anna landets eldste, Urnes stavkyrkje, som står på UNESCOs verdsarvliste, og den best bevarte, Borgund stavkyrkje. Sogn har tre stavkyrkjer til, medan Hardanger har éin: den gamle valfartskyrkja i Røldal i Odda.

Andre byggverk frå mellomalderen er Håkonshallen, kongsgarden og delar av Rosenkrantztårnet på Holmen i Bergen. Bryggen i Bergen står på UNESCOs verdsarvliste. Finnesloftet i Voss er eit av dei aller eldste profane byggverka i landet i tre. I Hordaland finst relativt omfattande ruinar av to større kloster, Lysekloster i Os og Halsnøy kloster i Kvinnherad.

I Rosendal i Kvinnherad ligg Noregs einaste baroni med det fullt ut bevarte gardsanlegget frå 1600-talet. Det er fleire kulturhistoriske regionmuseum i fylket, mellom anna De Heibergske Samlinger – Sogn folkemuseum på Kaupanger. Det er ei rekkje kunst-, kultur- og naturhistoriske museum i Bergen, dels av landsdekkjande betydning.

På Aga i Ullensvang og Havrå i Osterøy er bevart større, intakte klyngjetun som illustrerer det gamle vestlandske jordbruket og gardsbusetnaden.

Viktige turistattraksjonar utanom Bergen er dei tre bremusea i høvesvis Fjærland, Jostedalen og Stryn og ei rekkje interessante og til dels dramatiske veganlegg. Dei nasjonale turistvegane: Sognefjellvegen, Hardangervidda, Hardanger, Aurlandsfjellet, Gaularfjellet og Gamle Strynefjellsvegen ligg heilt eller delvis i Vestland fylke. Ikkje minst er det mest spektakulære jernbaneanlegget i landet, Flåmsbana, godt besøkt. Banen hadde 960 000 passasjerar i 2024. Mellom anna Voss og Loen har gondolbanar som fører frå bygda til fjells.

Namn og fylkesvåpen

Vestland (i ubestemd form) er danna av Vestlandet, som er den vanlege nemninga på heile landsdelen, som også omfattar nabofylka Rogaland i sør og Møre og Romsdal i nord.

Fylkesvåpenet vart vedteke i 2019. Det viser to fjell i sølvfarge med ein djupblå farge som symboliserer fjordane i bakgrunnen. Både fargevalet og bruken av fjord som symbol byggjer på fylkesvåpenet til det tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg