Per Sivle var ein norsk forfattar og redaktør. Han var ein omstridd og folkekjær lyrikar, humorist, prosaist og avisredaktør, som mellom anna skreiv diktet «Den fyrste songen». I dikta sine kjempar Sivle to kampar: Han vil ha eit fritt Noreg, og han freistar å finna ut av motsetnadene i sitt eige sinn.
Personleg opplevde Per Sivle mykje motgang. Han var helsesvak og alkoholisert, og han var kommersielt mislukka som forfattar. Litterært var han som lyrikar i utakt med dei hegemoniske tendensane innanfor kritikken. Politisk var han desto viktigare. Mange av dei nasjonale dikta hans vart publiserte med store oppslag i Dagbladet og Verdens Gang, og Sivle var openbert ein av dei viktigaste litterære aktørane for å mobilisere folk til kravet om oppløysing av unionen med Sverige.
Sivle gav i alt ut 15 bøker i fleire sjangrar og var redaktør av Buskeruds Amtstidende i 1883–1884 og Kristianiaposten i 1887–1891. Han tok sitt eige liv 6. september 1904 på Kristiania Bad i Pipervika.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.