Margarethe Wiigs ABC fra 1951
Margarethe Wiigs ABC
Nasjonalbiblioteket.
Utdrag fra Margarethe Wiigs ABC, med regle mot Nordlyset.
Nasjonalbiblioteket.

Margarethe Wiigs ABC er ei tospråkleg samisk lærebok som var i bruk i fleire tiår i samisk leseopplæring i Kautokeino og Karasjok frå boka kom ut i 1951. Boka er sett på som den viktigaste boka i samisk lærebokhistorie fordi det er ei bok som prøver å beskrive samisk kultur blant reindriftssamar. Boka var kontroversiell då ho kom ut fordi mange meinte at samiske barn berre skulle lære norsk og ikkje samisk.

Forfattaren av boka, Margarethe Wiig (1903–2002), vart heidra for den store innsatsen for samefolket med utnemning til riddar av første klasse av St. Olavs Orden i 1951.

Innhald

Boka er på 160 sider, der kvart oppslag i boka har tekst på både samisk og norsk. Kvart oppslag er illustrert med motiv frå samiske miljø, for det meste i fargar. I 1969 kom andre reviderte utgave, nå på kun 40 sider. Året etterpå fulgte enda en revidert utgave, men da også innholdende leseboken I Sameland.

Margarethe Wiigs ABC inneheld både dikt, barnerim, reglar, gåter, dyreeventyr, morgon- og kveldsbøner, setersongar, julesongar og salmar frå samisk salmebok, sjangrar som var kjende for barna. Boka inneheld også reglar som skal ropast mot nordlyset, reglar frå folkemunne, og som var ein del av den munnlege kulturen, som denne:

Nord-lys.
Nord-lys, nord-lys
renner med grønn kofte,
fett-bit i munnen,
naver-bein!
Jeg erter deg: Tsiii!
Nils og Lasse
erter nord-lyset.
Bestemor kommer ut og sier:
Ikke spott det som
Hører Gud til!

Regla er eit eksempel på barn sin språkleik, og ho gjev også eit innblikk i samisk kultur, der det var ein regel at ein ikkje skulle erte nordlyset. Av illustrasjonen ser ein at ikkje berre teksten, men også teikninga av nordlyset har kunstneriske kvalitetar.

Som leseopplæring kombinerer ABC-en fleire metodar. I enkelte norske ABC-bøker hender det at vi finn «mus i mur-språk», altså tekstar utan meining og samanheng. Slik er det ikkje i Margarethe Wiigs ABC. Her er eit eksempel på ein tekst der det skal trenast på både lydar og ord, og der sentrale ord er mor, barn og skrike (illustrasjon 9.4 på side 35):

ANNE SKRIKER: IKKE GÅ MOR!
MOR: IKKE SKRIK BARN!
MORS BARN SKAL IKKE SKRIKE.
MOR GÅR.
ANNE SKRIKER.

Tospråkleg

Utdrag fra Margarethe Wiigs ABC
Nasjonalbiblioteket.

Margarethe Wiig var frå Bergen og kom som prestefrue til Karasjok 21 år gammal. Ho hadde mykje kontakt med folket i bygda, ikkje minst med dei samiske barna som besøkte henne og barna i prestegarden. Ho viste barna bildebøker og blad, men opplevde etter kvart at dei spurde kvifor ho ikkje hadde tekstar som handla om samiske barn.

Ideen om å lage ein ABC for samiske barn vart tidleg sådd av både biskop, prost og prest, men ingen tenkte på at Margarethe Wiig kunne vere den rette til å gjere dette. Margarethe Wiig hadde artium, men inga utdanning utover det. Ho prøvde stadig å få andre til å være forfattar av ei slik ABC-bok, men vart etter kvart oppmoda om sjølv å sende inn eit bokforslag til departementet. Etter dette vart det mange møte og dragkampar, blant anna om teksten skulle vere på samisk, eller på norsk og samisk, og om teikningane skulle vere i fargar eller ikkje. Etter kvart gjekk departementet med på at Margarethe Wiig skulle lage teksten. I stedet for å bruke anerkjente illustratører påtok hun seg å lage flesteparten av tegningene selv. Andre illustrasjoner var av Per Hætta, Sigri M. Riise, John Savio og skolebarn.

Hovudformålet med boka vart av Margarethe Wiig formulert på denne måten:

Jeg vil så inntrengende jeg kan be om at det gis plass for samebarnas språk i deres første lesebok. Hensikten er å lære dem norsk, og det oppnåes best ved at deres eget språk får følge dem et stykke på vei inn i skolen, og lette forståelsen for dem.

Ho ville at boka berre skulle vere på samisk, mens departementet ville ha boka på norsk. Dermed vart boka tospråkleg som eit kompromiss.

Margarethe Wiig skreiv tekstar til boka på både samisk og norsk og illustrerte desse. Boka vart teken i bruk både i Kautokeino og Karasjok, men var kontroversiell av fleire grunnar. Mange meinte at samiske barn berre skulle lære norsk og ikkje samisk. Andre reagerte på samnorskformer i den norske delen av boka, og andre igjen meinte at boka la for stor vekt på reindriftssamar og mindre på elvesamar og sjøsamar.

Betydning

Utdrag fra Margarethe Wiigs ABC
Nasjonalbiblioteket.

Boka vart populær og brukt av både nordsamiske og sørsamiske elevar. Gjennom heile boka var det detaljerte teikningar av dyr, hus, telt og menneske i ein samisk kontekst. Gode ordspel gjorde det lett å hugse orda og å lære kva dei stod for. Men trass i gode tekstar og illustrasjonar fekk boka kritikk fordi ho forsømte omtale av elvesamar og sjøsamar. Slik sett kunne boka karakteriserast som ei velskriven heimstadlære for reindriftssamar i fjellbygdene i Finnmark.

I september 2008 vart Margrethe Wiigs ABC valt til «Månedens dokument» av Riksarkivet. På nettsidene til Riksarkivet er det opplyst at fleire hotell i Finnmark hadde boka til sals då ho kom ut første gongen, og at departementet sette pris på boka og meinte ho var god Noregs-reklame.

Det blir også fortalt at boka i 1956 var mønster for ei tilsvarande lærebok for koreanske barn, og at Margarethe Wiig fekk stor takk for boka frå 700 000 lærarar og 3 000 000 skulebarn i Korea. Boka førte også til at Margarethe Wiig vart heidra for den store innsatsen for samefolket med utnemning til riddar av første klasse av St. Olavs orden i 1951.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • NOU 1978: 26, side 91
  • Nystad, Kristine og Lund, Svein (2009): Samisk lærebokhistorie – glimt frå ei uskriven historie. I Dagrun Skjelbred og Bente Aamotsbakken (red.): Norsk lærebokhistorie II: En kultur- og danningshistorie. Oslo: Novus forlag.
  • Skjelbred, Dagrun; Askeland, Norunn; Maagerø, Eva og Aamotsbakken, Bente (2016): Norsk lærebokhistorie: Allmueskolen, folkeskolen, grunnskolen 1739–2006. Oslo: Universitetsforlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg