Fosseforedraget er eit årleg norsk foredrag som blir halde av ein internasjonal forfattar, dramatikar, akademikar eller intellektuell.

Bakgrunn

For å heidre Jon Fosse etter at han fekk Nobelprisen i litteratur i 2023, valde den norske regjeringa å opprette Fosseforedraget. Foredragshaldaren blir utvald av Nasjonalbiblioteket og Jon Fosse i samråd med NORLA.

Nasjonalbiblioteket var arrangør då den franske filosofen Jean-Luc Marion heldt det fyrste Fosseforedraget i 2025 på Slottet. Ved tilstellinga blir også Fosseprisen delt ut.

Foredragshaldarar

År Foredragshaldar Land
2026 Marilynne Robinson USA
2025 Jean-Luc Marion Frankrike

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg