Etter senking av innsjøen Flatsjå ytterst i dalen er Flatdaløyan dyrka opp og utgjer eit lettbrukt jordbruksland. Flatene i dalbotnen kan vere noko utsett for frost og flaum.
På grunn av flaumfaren er husa på ti av gardane i bygda lagt samla på ein måte som er uvanleg i Noreg. Tunvollen ligg på eit nes som hevar seg så vidt over den store sletta. Her ligg òg Flatdal kyrkje, ei lafta langkyrkje frå 1654. Ved nedfarten til dalen ifrå nord ligg det tradisjonsrike Nutheim Gjestgiveri med vidt utsyn over bygda.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.