Haraldsplass Diakonale Sykehus er eit diakonalt sjukehus etablert i Bergen i 1918 som Bergen Diakonissehjem. Sjukehuset inngår i tenestetilbodet til det regionale helseføretaket Helse Vest, som har ansvaret for spesialhelsetenester i Rogaland og Vestland fylke.
Sjukehuset har lokalsjukehusfunksjonar for bydelane Arna, Bergenhus, Samnanger og Åsane, samt kommunane i Nordhordland. Sjukehuset har i tillegg regionfunksjon innan lindrande behandling, og dessutan akuttfunksjon innan indremedisin, kirurgi og geriatri. I tillegg til resten av verksemda har sjukehuset, gjennom Sunniva senter, ei eiga hospiceeining for alvorleg sjuke og døyande pasientar.
Sjukehuset er eigd av Haraldsplass diakonale stifting, og verksemda er frå 2001 underlagd aksjeselskapet Haraldsplass Diakonale Sykehus AS.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.