Kronjuvelar er verdfulle gjenstandar som kongen eller dronninga i eit land har. Dei er ofte laga i gull eller andre dyre metall, og pynta med juvelar og edelsteinar.
Det er vanleg at kongar og dronningar har ei krone, som er ein type kronjuvel. Kronjuvelar kan òg vere rikseple, septer eller andre gjenstandar brukt til pynt. I Noreg bruker ikkje kongen og dronninga kronene sine no lenger. Blant kronjuvelane i verda finn ein mange av verdas største diamantar og andre edelsteinar.